753. Paa Gud aaleine

1 Paa Gud alleine
Eg lit i Livsens Trid.
Hans Ord det reine
Veit Raad i rette Tid.
Han alle Stader
Meg fører fri og sæl,
Alt, som meg skader,
Han vender av so vel,
Den gode Fader,
Den Gud Immanuel.

2 For mine Lyte
Tok Jesus med i Grav,
Og meg i Byte
Sin Barnerett han gav.
Han vil og vera
Min Styrke og min Skjold
Og sæl meg gjera,
Naar her eg sig i Mold,
Og heim meg bera
Til Livsens grøne Voll.

3 Lær meg med byrda
Aa fylgia dine Bod!
Ber du mi Byrda,
Naar eg er utan Raad!
Lat meg ei dragast,
Naar Verdi frelstar meg!
Men kor det lagast,
So hald meg fast ved deg,
Til dess det dagast,
Og heim med Fred eg dreg!

4 Kom, Gud, og tala
Di Trøyst inn i min Barm!
Meg kjærleg svala,
Naar Striden brenner varm!
Til sidste Flaga
I Stilla upp er løyst,
Naar eg fær draga
Fraa Trengsla upp til Trøyst,
Og all mi Klaga
Er vend til Sigersrøyst!

5 No, Jesu milde!
Til deg mitt Hjarta snur.
Eg gjerna vilde
Alt vera, der du bur.
Men du deg raade!
Og naar min Time kjem,
Løys du min Vaade
Og gjer min Heimveg kvæm!
Før meg av Naade
Til ditt Jerusalem!

6 Lyst utan Like!
Der kjem eg heim til deg
I Himmerike,
Dertil du korad meg.
Der skal med Æra
Eg kvila fraa min Strid
Og med deg bera
Den Sigerskruna frid
Og so faa vera
Med deg til evig Tid!

Text Information
First Line: Paa Gud aaleine
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: 14. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year: Fourteenth Sunday after Trinity Sunday; 14 Søndag efter Trefoldigheds Fest: Til Hoimesse (1 more...)
Notes: Etter ein gamall dansk; Tone: Paa Gud alene (L. 382)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us