1 Er her nokon, som vil høyra
Storste Under kjent paa Jord,
Kom daa hit og laan ditt Øyra
Til det store Engleord:
"Jesus han er ikkje her,
Han or Grav uppstaden er.
Kvi vil de i Graver aude
Søkja Livet millom Daude?"
2 Ja det var eit Herrens Under
Utan Like under Sol.
Verdi laag i djupast Blunder,
Yver Graver Hanen gol.
Sjaa, daa rann or Livsens Os
Ut ein Straum av Liv og Ljos!
Daudens Engle Sverdet vender,
Daa Guds Son av Daude stender.
3 Um han ikkje upp var staden,
Tom ot saafengd Trui var;
Syndesaaret, Hjarteskaden
Utan Botevon me bar;
Jesu Namn og Kristendom
Var som Gravi aud og tom,
Utan Fred og utan Sæla,
Utan Von me maatte fæla.
4 Men no vart han Fyrstegrøda
Utav deim, som sovnad av:
No skal me i herrens Løda
Eingong sankast or vaar Grav.
No hev Dauden misst sin Brodd,
helvite sin Eiter-Odd.
No er Dauden gløypt til Siger,
Livet fram or Gravi stiger.
5 Alle Mann, som kunna vakna,
Kom og gakk til Jesu Grav!
Alle Mann, som Livet sakna,
Kom og drikk or Livsens Hav!
Kom der ut med Bøn og Tru,
Og med Fred du heim skal snu.
Alle, som i Myrker sukka,
Her kann finna Ljos og Lukka.
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #706