Kor fager skal Guds Kyrkja staa

Kor fager skal Guds Kyrkja staa

Author: Thomas Kingo; Translator: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Kor fager skal Guds Kyrkja staa
Og fyr hans Aasyn Ynde faa,
Naar alle Hjarto samde er
Og i den same Tanke sl"r:
Aa elska Gud og halda fram
I Broderkjærleik, Fred og Sam!

2 Kor usælt, um me ikkje dreg
I Kjærleik fram den beine Veg
Og broderleg kvarandre vil
All Hjelp og Stydning bjoda til
Med ærleg Hug og Vilje god,
Som um me fyr Guds Andlit stod!

3 Burt Hat og Skjemdarord og Harm!
De ikkje høva i den Barm,
Der gud i Fred og heilag Ro
Vil lata si Velsigning gro.
Burt alle Ting, som er til Skam
Og Skade fyr vaart Broder-Sam!

4 Giv Tanke, Tunga, Sinn og Munn
Daa kunde sky av Hjartans Grunn
All List og Svik og Nidingsvis
Og gjera set eit Paradis
Utav den sæle Samnads Fred,
guds Kjærleik ber i Hjartat ned!

5 Guds Auga ser daa all vaar Daad,
Vaar Tanke, Hug og dulde Raad,
Dei Vonde paa sin løynde Veg
Fyr Gud kann ikkje løyne seg.
Han til dei Gode kjærleg ser
Og deim all Hjelp og Naade ter.

6 Mi Saal, ver difyr ikkje fædd,
Um du vert hatad, trugad, hædd.
Den Harm, deg Verdi gjera maa,
Han skal so snart ei Vending faa.
Gakk fram din Veg i Herrens Fred,
Kvat kjem deg heile Verdi ved!

7 Min gode Gud! aa giv eg maa
Ved deg mitt Hjarta helgat faa,
So du kann helgast her i meg,
Til eg der uppe skodar deg,
Der høgt eg syng med Engleher:
Du heilag, heilag, heilag er!


Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #739

Author: Thomas Kingo

(no biographical information available about Thomas Kingo.) Go to person page >

Translator: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Kor fager skal Guds Kyrkja staa
Norwegian Title: Hvor deilig skal Guds Kirke staa
Author: Thomas Kingo
Translator: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Etter Kingo; Tone: O Fader vor i Himmerig (L. 14)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #739

Suggestions or corrections? Contact us