650. Det Folk, som sat i myrke Natt

1 Det Folk, som sat i myrke Natt
Og djupe Dauderskugge,
Dei saag ei Sol i Auster spratt
Med Ljos og Liv og Hugge.
Dei saag so stor ein Dag,
Eit ljos med ukjent Lag,
Som yver Jordi rann
Og lyste vidt um Land
Med Sumar og med Sæla.

2 Ei Stjerna upp av Jakob stig1
So var den gamle Spaadom.
Men mang ei Ætt i Gravi sig
I Venting, Von og Traadom.
Dei venta tusund Aar:
Daa rann den Stjerna klaar
Og tendrad Dag paa Jord;
For trufast er Guds Ord,
Hans Lovnad Ja og Amen.

3 Sjaa, Hyrdingar ved Betlehem
Si Hjrod um Naati gjæta.
Daa skin eit Ljos, ein Engle kjem
Og syng med Himmellæta:
"Eg ber ei Tidend glad:
I Davids Fedrastad
Er fødd ein Frelsarmann,
De Teknet kjenna kann:
Han lindad ligi Krubba."

4 So lat oss med dei Hyrdingom
Til Jesu Vogga ganga
Og giva Honom Hjarterom
Og Hjartehugnad fanga!
Der vert vaar Saknad stild,
Der finn me Fred og Kvild,
Der faa me Ljos og Liv,
Som Daudeskuggen driv,
Der sjaa me Jakobs Stjerna.

5 No er det Ende paa vaar Sut,
No vert det Fred og Fagnad.
For Herren sjølv oss løyste ut
Av Daubens myrke Lagnad.
No er vaar Frelsar fødd,
Og Ormen sunder trOdd.
Som saarad illt vaar Hæl.
No Adams Ætt er sæl.
No er der Fred paa Jordi.

6 So vil eg deg min Frelsar kjær,
Med Glede songar fagna,
Til dess min sidste time slær,
Og Songen her maa tagna.
Kom daa, du Jakobs Sol,
Og lys meg heim til Jol,
Upp i din Himmelstad!
Der skal eg sæl go glad
Deg utan Ende lova.

Text Information
First Line: Det Folk, som sat i myrke Natt
Adapter: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: Jolehelg; Hymns for the Church Year: Christmas; Anden Juledag: Til Aftensang (1 more...)
Notes: Tone: Vor Gud han er saa fast en Borg (L. 266)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.