707. I Edens sæle Sumar

1 I Edens sæle Sumar
Eit Livsens Tre av Rotom rann,
Og av kvar Kvist og Kumar
Sprang evigt Liv fyr alle mann.
So Treet stod i hagen
I Livsens rike Blom
Alt til den myrke Dagen,
Me fall is Synd og Dom.
Daa Herren Vegen stengde,
Som inn til Treet gjekk,
Og Dauden inn sig trengde
Og Vald i Verdi fekk.

2 So Verdi Treet miste,
Der ikkje meir vart til det spurt,
Og ingen Vegen visste,
For Eden kvarv fraa Jordi burt.
Men Livet, Verdi vantad,
Daa ikkje utdøytt var,
Fro Herren atter plantad
Ein Livsens Albegard.
Or Kristi Grav er runnet
Det Tre paa betre Vis,
Og Livet atter funnet,
Som kvarv fraa Paradis.

3 Der stend det Tre med Tryggje,
Er livt og fredlyst med Guds Ord;
Og Gud er Sol og Skyggje,
Og Anden fell som Togg til Jord.
Det stend imillom Graver,
Men ned fraa kvar ein knupp
Den raude Druva laver,
Som vekkjer Daude upp.
So bløma Daudens Hagar
Som Eden fyrr i Aust,
Og Herrens Aaker lagar
Seg til ein herleg Haust.

4 Ein Engel Treet gjæter
Med Sverdet logande som Ljon,
Men inn kvar Syndar læter,
Som set til Jesus Tru og Von.
Men den, som fyrst fekk smaka
Den Druva, Treet ber,
Han lengtar dit ilbaka,
Der alt hans Hjarta er.
Der mognar Livsens Grøda
Til Jesu Kristi Pris,
Der fær eg Himmelføda,
Der sinn eg Paradis.

Text Information
First Line: I Edens sæle Sumar
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: Paskehelg; Hymns for the Church Year: Easter; Bønnen (3 more...)
Notes: Tone: Min Sjæl, min Sjæl, lov Herren (L. 77)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.