740. Kven vil no meg klaga

1 Kven vil no meg klaga
Og til Doms meg draga
Fram til Sinai?
Saart mi Synd eg kjenner,
Men til Jesus renner:
Han meg gjerer fri.
Kom med Krav
Ved Jesu Grav!
Han meg vil ein Fristad laga,
Kven vil der meg klaga?

2 Kven vil no meg saka
Og paa meg tilbaka
Føra Skuld go Skam?
Med Guds Log meg aga,
Mine Synder draga
Atter mot meg fram?
Jesu Saar
Mi Sak gjer klaar.
Han mi skuld paa seg vil taka,
Kven vil so meg saka?

3 Kven vil meg fordøma?
Jesu Rettferds Søma
Løyner Syndi mi.
Klagaren maa tegja,
Domaren vil segja:
Du er frelst og fri!
Jesu Blod
Er Soning god.
So maa synd og Satan røma.
Kven vil meg fordøma?

Text Information
First Line: Kven vil no meg klaga
Author: Brorson
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: 4. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year: Fourth Sunday after Trinity Sunday; Opholdelsen (4 more...)
Notes: Tone: Gud skal alting mage (L. 400)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.