Anden yver Vatnet sveiv

Anden yver Vatnet sveiv

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Anden yver Vatnet sveiv,
Liv i Løynd han lagad
Og det store Myrker dreiv,
Fyrste Gogn det dagad.
So vart Livet født paa Jord
Gjenom Vatn ved Anden.
Fram det urde paa Guds Ord
Utan Tal som Sanden.

2 Anden yver Jordans Aa
Ned som Duva dalar.
Himmelen dei open sjaa,
Høyra Herren talar.
Anden yver Vatnet sig
Som ved Skapargjerdi,
Og med Krist or Vatnet stig
Upp den nye Verdi.

3 Anden gjenom Vatnet enn
Liv i Verdi føder.
Enno Livsens Kjelda renn,
Andens Gneiste gløder.
Naar me døypa vaare Smaa,
Livsens Broddar renna,
Herrens Røyst me høyra faa,
Andens Krafter kjenna.

4 Vatnet vigt ved Kristi ord
Er den Himmeldropen,
Som giv Daude Liv paa Jord,
Gjer Guds Himmel open.
Fyr den sæle Barnetru
Yver Vatnet logar
Lysande ei Himmelbru
Vænt som Vederbogar.

5 I det Atterfødingsbad
Gud vil Syndi døyda,
Skapa Ljos i myrke Stad,
Eden midt i Øyda.
Syndi der skal drukna visst
Og i Gravi siga,
Nyskapt Liv i Jesus Krist
Upp or Vatnet stiga.

6 Jesus, som ditt Liv oss gav
Ved din heilag Ande,
Lat det grønka gjenom Grav,
Gro i Livsens Lande!
Lat oss liva i di Pakt,
Tru din sæle Lovnad,
Livna upp ved Andens Magt,
Naar me her er sovnad!



Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #779

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Anden yver Vatnet sveiv
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Sørg, o kjære Fader, du (L. 525)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #779

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.