1 Det største Under her paa Jord
Er Jesu Kristi Rike.
Det eig ein Herlegdom so stor,
Som reint er utan Like.
2 Det er vel løynt som Hug og Sinn,
Kvar Kristen daa det kjende;
Det Byen er paa Bergetind,
Vel kjent til Heimsens Ende.
3 Det fekk fraa Gud eit Løyndarord,
Som skaper, naar det talar,
Som jamnar Haugar ut paa Jord
Og fyller djupe Dalar.
4 Det Ord innvigjer Jesu Daup,
Som Livet atter føder,
Og det velsignar Nattverds Staup,
Som saare Hjarta grOder.
5 Det skaper Von som ljose Vaar
Og Mod i Kristmanns Bringa,
So me kann læ aat Banesaar
Og yver Graver springa.
6 Det skaper Vatnet um til Vin
Og Villmark til Guds Hagar,
Det som eit Ljos i Myrkret skin,
Der Verdi gjeng og ragar.
7 Lat alle Myrkheims Røyster spaa,
At Riket radt vil falla!
Gud signar rikt sitt Aar endaa,
Han Liv av Mold kann kalla.
8 Det livnar upp som Blom i Eng,
Som Vaar med grøne Groren,
Ja vænt som Sol av Havet gjeng
Med Song av Fuglekoren.
9 Naar Kristus kjem i Skyi blaa,
Daa er vaar Siger vunnen.
Det, som me her i spegel sjaa,
Me kjenna daa til Grunnen.
10 Daa renn den Sol med evig Vaar,
Med Livsens ljose Lagnad,
Daa held Guds rike Jubelaar
Med Rett og Fred og Fagnad.
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #721