Giv Gud den Æra, han skal hava

Giv Gud den Æra, han skal hava

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Giv Gud den Æra, han skal hava,
Og Kongen den, han hava skal,
So skal Guds Fred og Lukka lava
Paa Landet ned som Dogg i Dal.

2 Det er Guds eigi Log og Læra,
Daa han oss gav det Lovnads-Ord,
At den, som vil Foreldri æra
Skal bu med Fred paa Fedrajord.

3 Gud vil, me lyduge skal vera
Mot kvar, som er til Styre sett,
Og æra deim, som Kongsstav bera
Og byggja Land med Log og Rett.

4 Men Gud me maa fyr Allting giva
Vaart Hjarta og vaar heile Hug,
Fyr honom trutt i Lydnad liva
Av all vaar Styrke, Magt og Dug.

5 Aa elska Gud og Fedralandet,
Kvar æra etter Rett og Skil
Og standa trutt i Broderbandet:
Det Herren visst velsigna vil.

6 Det Folk, som paa Guds Lovnad trudde
Og Federne i Heider heldt,
Det lukkeleg i landet budde,
Naar gudlaust Folk til Dom vart selt.

7 So vil me Gud vaar Fader beda
Aa signa Lyd og signa Land,
Vaar dyre Fedra-Arv aa freda
Og verna vel mot Uvens Hand.

8 Driv ut dei vonde Raad og Tankar,
Som øyda Land og log bryt ned!
Lat i di Tru oss festa Ankar
Og bu med Frendar i din Fred!

9 Lat oss som Brøder saman byggja
Og Ovund, Strid og Ufred fly!
lat Tru og Kjærleik Landet tryggja
Og Rettferd bu i Bygd og By!

10 Aa Gud velsigne land og Rike,
Og giv vaart Folk din Fred og Ro!
Din Naade aldri fraa oss vike,
So Lukka maa i Landet gro!

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #769

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Giv Gud den Æra, han skal hava
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: O lad din Aand nu med o være (L. 39)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #769

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.