Guds Kyrkja stend og stirer

Guds Kyrkja stend og stirer

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Guds Kyrkja stend og stirer
Til Himmels upp, der Herren for.
Av Lengsla Augat tirer,
Ho ser og stundar paa hans Ord:
At han skal atter venda
Og henta heim si Brud
Og all vaar Trengsla enda
Og føra oss til Gud,
Der me uti hans Sæla
Skal fagnast utan Trot
Og aldri turva fæla,
At me skal skiljast aat.

2 Hand fram, Guds Folk, aa fylgja
Din Frelsar upp med Syn og Sinn!
So skal han ei seg dylja,
So ser i Himmelen du inn.
Høgt yver Skodde-Eimen
Du ser ei Lysing prud:
Der sit i Straaleheimen
Din Broder og din Gud.
Der styrer han si Kyrkja
Med Naadens Konungsstaf.
Det kann vel Hjartat styrkja
Og turka Taara av!

3 Der sit i Dyrd og Æra
Din Herre ved Guds høgre Hand.
Der skal ditt Hjarta vera,
Der er ditt rette Fedraland.
Dit skal di Lendsla standa,
Dit skal din Tanke traa,
So lenge du kann anda,
Og Hjartat her kann slaa.
Daa tarv du ikkje kjæra,
At her du einsleg gjeng;
Din Frelsar med vit vera
Seg, um daa meir du treng?

4 So maa du ikkje syrgja,
Um enn du strida skal ei Stund,
Og ikkje sturen spyrja
Din Gud um Augnemed og Grunn.
Naar du vil tolug venta,
Til alt er vel i Lag,
So skal han visst deg henta;
Tenk slik ein Sigersdag!
Naar eingong du er vaknad,
Der evig Soli lær,
Der ikkje Sorg og Saknad
Og ingen Daude er!

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #720

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Guds Kyrkja stend og stirer
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Min Sjæl, min Sjæl, lov Herren (L. 77)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #720

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.