1 Kor godt det er i Jesu Armar
Som Barn paa Fang aa sovna inn
Og fri fraa alt, som Hjartat harmar,
Ved Naaden verma Hug og Sinn!
Kvi vil du so deg Otte gjera?
Gud kann di sorg aaleine bera:
Han er i Morgen som i Dag.
Han, som so ten deg heve voret
Og ved sitt Blod deg Kjærleik svoret,
Eig enn det same Hjartelag.
2 Kor daarlegt daa det er aa fara
Som Heidningar i Sorg og Sut!
Du kunde deg all Kvida spara
Og ved guds Hjarta kvila ut.
Der Sorgi av som Dogg skal renna
Og du den stille Sæla kjenna,
Naar du fær Kristi Kjærleik sjaa,
Som honom til din Frelsar vigde,
Som brenn fraa Æva utan Brigde
Og aldri, aldri fell ifraa.
3 Kvi vil du deg fyr Livet gremja
Og det, som høyrer Livet til?
Gud Livet gav, han kann det fremja
Og deg all Velferd giva vil.
Han, som deg Himmelbraudet byder
Og deg med Kristi Klædnad pryder.
Han og din Likam berga kann:
Han vesst deg klæda vil og føda,
So du med Sorg deg ei skal møda,
Men rygt deg giva i Guds Hand.
4 Umælande deg kann det læra,
Ja kvar ein skapning, smaa og stor.
Dei um Guds allmagt Vitne bera
Og syna klaart hans Forsyns Spor.
Den vesle Fugl, som Herren nærer,
Han aldri seg fyr Saknad kjærer,
Er alltid glad og utan Gru,
Med Song han vigjer Skog til Kyrkja:
aa, kor den Lovsong skulde styrkja
Og kveikja upp vaar veike Tru!
5 Sjaa, Lilja gror i grøne Dalar!
Kven heve prydt den væne Brud?
Ho herleg um sin Skapar talar
Og angar nydig upp til Gud,
I Klunger ser du Rosa bløma:
Lat hennar Liv di Vantru døma,
Og sjaa kvar Blom, som spring av Knupp,
I Tal og Ynde utan Ende,
Og alle er dei himmelvend
Og visa til vaar Fader upp!
6 Og lat oss Von av Blomen læra,
Som er so sagert klædd av Gud,
At Salomon i all si Æra
Var ikkje slik i Kongeskrud!
Kann Gud eit Gras so herleg pryda,
So maa det oss vel yvertyda,
Kvat Herlegdom me vona kann,
Som Gud med fagrast Gaava gledde
Og vænt med kristi Purpur klædde,
Det Blod som ned fraa Krossen rann!
7 So kvil, mitt Hjarta, utan Klaga
So stillt i Jesu Frelsar-Fang!
Lat ingen fraa den Trøyst deg draga,
Men tru det glad paa all din Gang,
At Gud i Kristus ut deg valde
Og alle dine Taaror talde
Og mælte ut din Gang og Veg.
Naar du fraa Vegen ei vil vika,
Din Gud han vil visst ikkje svika,
Nei, Gud kann aldri svika deg!
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #754