Kvart Tre paa Frukti kjennast maa

Kvart Tre paa Frukti kjennast maa

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Kvart Tre paa Frukti kjennast maa.
Kann Klunger giva Druva?
Og kann ein Mann vel Fiken faa
Av Tornekvist paa Tuva?
So maa den Tru, som sannrøynd er,
Paa kristen Kjærleik kannast.
Den Læra, du i Munnen ber,
Maa i din Livnad sannast.

2 Det Tre, som ber den gode Frukt,
Det Gud som godt vil kjenna.
Men rotne Tre han kastar lukt
Paa Elden til aa brenna.
So lat daa, Gud, kvar Stund og Stad
Mi Tru som Treet bløma
Og ikkej syna berre Blad,
Naar du ein Dag vil døma!

3 Den Mann, som læst paa Kristus tru
Og ropar: Herre, Herre!
Men ikkje vil fraa Syndi snu
Og tena Herren berre
Og alltid ærleg fara fram
I heilagt Liv og Lydnad:
Hans Tru er lik ein Saudeham,
Som Ulven ber til Prydnad.

4 So gjer meg til di Grein, som ber
Den gode, dyre Druva
Og ikkje lik det Treet er,
Som kastat vert i Gruva!
Aa jesus, lat mi Tru seg te
Som Sanning i min Livnad
Og grønast som det gode Tre
I evig Gror og Trivnad!

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #744

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Kvart Tre paa Frukti kjennast maa
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: O store Gud, din Kjærlighed (L. 377)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #744

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.