Renn upp yver Grav, du signad Sol!

Renn upp yver Grav, du signad Sol!

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Renn upp yver Grav, du signad Sol!
Min jesus, lat Straalar strøyma
Og lysa meg inn til Naadens Stol,
Naar her dei i Grav meg gjøyma!
So heim eg kann fara i ditt Ljos
Og Striden i Gleda gløyma!

2 Eg Menneskja komen er av Mold
Og atter til Mold maa venda.
Men Lov vere Krist, vaar Sol og Skjold,
Som vilde meg Anden senda!
Ved honom eg ganga skal or Grav,
So Dauden i Liv maa enda.

3 Dei Daude, som her i Herren døy,
Til Livet dei upp skal standa.
Dei fara med Fred fraa heimsens Øy
Og frelste i Himmeln landa.
Gud, laga det so fyr Jesu Blod:
I honom me utmaa anda!

4 I Jesus eg liva vil og døy,
Med honom eg lid og strider.
Og maa eg so visna her som Høy,
Han skaper daa Nygrors Tider.
Daa Livet so pænt or Grav skal gro
Som Vaargull og Lauv i Lider.

5 So slumrar eg inn i blidan Blund,
Der skal ingen Trong meg tyngja.
So vaknar eg upp den Morgonstund,
Naar Anden meg upp vil yngja.
So liva eg skal i Kristi Ljos,
Hans Lov iall Æea syngja.

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #772

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Renn upp yver Grav, du signad Sol!
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Den signed Dag, som vi nu ser (L. 434)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #772

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.