Still no dine Strengjer

Still no dine Strengjer

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Still no dine Strengjer,
Ande, lyft no Vengjer,
Stig med Song i Sky!
Alle, som kann mæla,
Syng i Dag um Sæla
Rund i Bygd og By!
Mann og Møy
Um Land og Øy,
Kristenfolk fraa alle Leider,
Syng til Jesu Heider!

2 Sjaa, Guds Son med Siger
Upp til Himmels stiger
Til sin Kongestol!
Engleskaren helsar
Himmelfaren Frelsar
Som all Skapnings Sol.
Jesu Gjerd
Og Himmelferd
Lova dei i kvite Klæde
Sælt med Sigers Kvæde.

3 Heil deg i ditt Velde,
Drott, som Dauden felde,
Ormen slog i Hel!
Vonde Andar graata,
Alle Himelar laata
Høgt av Lovsong sæl.
Lov og Ros
Fyr Liv og Ljos
Fylgje deg paa Himmelferdi
Fraa den frelste Verdi!

4 No er Freden vunnen,
Himmelvegen funnen
Ved vaar Frelsarmann.
Gjenom Fyrehenget
Inn han heve gjenget
Og vaar Løysning vann.
Høg og sterk
Med velgjort Verk
Sit han yver sol og Stjerna,
Der han vil oss verna.

5 So eg glad og trugen
Heim vil venda Hugen,
Der du Frelsar, er.
Maa ei Stund eg bida
Og av Lengting lida,
Heim daa Vegen ber.
Glad og nøgd
Til Himmelhøgd
Upp eg stunda vil og stara,
Til eg heim fær fara.

6 Far daa sæl og fegen
Upp i Fyrevegen!
Snart eg fylgja skal.
Du meg upp vill draga
Og eit Rom meg laga
I din Himmelsal.
So eg dreg
Den same Veg;
til din Heim du vil meg lysa,
I di Hall meg hysa!

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #719

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Still no dine Strengjer
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Gud skal alting mage (L. 490)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #719

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.