652 | M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg#653 | 654 |
Text: | Fraa Betlehem eit Gitord gjeng |
Author: | Blix |
1 Fraa Betlehem eit Gitord gjeng,
Eit Gitrod gjeng,
Um Kongeson i Krubbeseng.
Halleluja, Halleluja!
2 Og Englesong og Stjerneljos,
Og Stjerneljos
Til Heimsens Endar ber hans Ros.
Halleluja, Halleluja!
3 Av Davids Rot den Sonen rann,
Den Sonen rann,
Og han er baade Gud og Mann.
Halleluja, Halleluja!
4 Og Jesus er den Davids Son,
Den Davids Son,
Som større er enn Salomon,
Halleluja, Halleluja!
5 Hans Rike gjeng so langt som Sol,
So langt som Sol,
Og evig stend hans Kongestol.
Halleluja, Halleluja!
6 Hans Velde naar fraa Hav til Hav,
Fraa Hav til Hav,
Men Rettferd er hans Kongestav.
Halleluja, Halleluja!
7 Han skipar Rett fyr arme Smaa,
Fyr arme Smaa,
Som truande til honom traa.
Halleluja, Halleluja!
8 Han sonar Synd og Løyser Band,
Og løyser Band,
Han friar Folk og Fredar land.
Halleluja, Halleluja!
9 Hans Ord som Dogg um Morgen fell,
Um Morgon fell,
Og Freden gror fraa Fjord til Fjell.
Halleluja, Halleluja!
10 Daa syng Guds Folk um Fred og Von,
Um Fred og Von,
Som Sus i Skog pa Libanon.
Halleluja, Halleluja!
11 So vil i Dag me syngja med,
Me syngja med
Den Songen, som Guds Englar kved.
Halleluja, Halleluja!
12 Gud vere Lov i høgste Høgd,
I høgste Høgd!
No er eg glad og sæl og nøgd.
Halleluja, Halleluja!
Text Information | |
---|---|
First Line: | Fraa Betlehem eit Gitord gjeng |
Author: | Blix |
Language: | Nynorsk |
Publication Date: | 1897 |
Topic: | Salmar til Kyrkjeaaret: Jolehelg; Hymns for the Church Year: Christmas; Første Juledag: Til Ottesang og Høimesse(1 more...) |
Notes: | Tone: Et Barn er sødt i Betlehem (L. 138) |