1 Jesus, lyft ditt ljose Merke,
Du, som Myrkret yvervann!
Syn, at enu du er den Sterke,
Som mot Satan sigra kann!
Um han kjem i Engleham,
Fer med Lygn og Løynraad fram,
Um med Vald han vil oss herja,
Du, den Sterke, kann oss verja!
2 Vel han kann med Vantru blinda
Syndaren paa syn og Vit,
Øyrat teppa, tunga blinda,
So han dauv og maalaus sit:
So han ikkje skoda kann
Ljøset, som i Kristus rann,
Ikkje høyra ikkje mæla
Um hans Naade og hans Sæla.
3 Men naar so den Sterke syner
All si myrke Magt paa Jord,
Kjem den Sterkare og tyner
Honom med sitt Veldes Ord.
Jesus Krist, vaar Frelsarmann,
Du hans Fangar fria kann,
Maallaus Munn kann giva mæle,
4 Me, som i vaar Synd var selde,
Ved din Siger Fridom vann.
Me, som laag i Myrkers Velde,
Me no Ljoset skoda kann,
Som ifraa di Aasyn klaart
Straalar inn i Hjartat vaart, –
Kann med løyste Tungor tala,
Ved ditt Ord all Hugsott svala.
5 Jesus, lær oss vel aa vaka,
Mot den Vonde væpnad staa!
Den, som fekk din Naade smaka
Og so atter sell ifraa,
I hans Vald daa er han visst,
Illa fyrst, men verre sidst:
Vonde Andar, sjaufald verre,
I hans Hjarta daa er Herre.
6 Sæl er den velsignad Moder,
Som deg under Hjarta bar!
Ja, og sæl den minste Broder,
Som det tru til Enden var!
Kvar, som Ordet gjøyma vil
Og i Tru deg høyra til,
Han er løyst fraa Myrkers Velde:
Du, den Sterke, Myrkret felde.
Syndara kann gjera sæle!