Author: Luther Hymnal: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #644 (1897) Topics: First Christmas Day High Mass Lyrics: 1 "Fra høge Himmel kjem eg her,
Og Tidend god til Jord eg ber.
So faert Bod eg førere med,
og derum no ein Song eg kred.
2 I Dag er dykker fødd ein Svein
Utav ei Jomfru klaar og rein,
Ein ligen Son so væn og grann
Til Gleda fyre alle Mann.
3 Det er Guds Son, vaar Herre Krist,
Som friar os all Trengsla visst.
Han vera vil ein Frelsar maan
Og løyser alle Syndeband.
4 Han Sæla ned til Jordi ber,
Som av Gud Fader etlad er,
At de i Himmerika maa
Til evig Tid Guds Andlit sjaa.
5 Men Teiknet vel de merka maa:
Ein Stall, ei Krubba reidd med Straaa –
Der finna de det Barnet lagt,
Som ber all Verdi med si Magt."
6 So vil me ganga glad' i Sinn
Med Hyrdingom til Barnet inn,
At me den Gaava god kann sjaa,
Som me med denne Sonen faa.
7 Sjaa her, mitt Hjarta, giv no Agt
Paa det, som er i Krubba lagt!
Kven er det søte Barnet der?
Det Jesus Krist, vaar Frelsar er.
8 So ver velkomen, høge Gjest!
Til bot fyr all mi Synd og Brest
Du kom i Armod ned til meg.
Eg alori nog kann takka deg.
9 Du all Tings Skapar rik og stor,
Kvi kom du daa so arm til Jord?
Du kviler i eit Krubberom
Paa Høy og Straa i Armodsdom!
10 All Verdi med si Vidd og Breidd,
Um ho med raude Gull var reidd,
Var daa ei Vogga trong og ring
Fyr deg, som fyller alle ting.
11 Den Silkeseng, du lagdest paa,
Var ringe Klutar, stride Straa,
Der kviler du so lognt og blidt,
Som det var Himmeriket ditt.
12 Soleides best det syntest deg,
Med di du vilde syna meg,
At Verdi med si Magt og Høgd
Kann det ei gjera rik og nøgd.
13 No, kjære Herre Jesus Krist,
Tak i mi Hytta Hulevist!
Her er mitt Hjarta, kvil deg der,
So eg deg stødt i Minne ber!
14 So vil eg alltid vera glad
Og syngja so kvar Stund og Stad
Ein Voggesong med Gledeljod
Til Æra fyr min Frelsar god.
15 Gud vere Lov paa Himmelstol,
Som gav oss denne glade Jol!
No Englar kved um Sæla vaar
Og syngja inn eit nytt Guds Aar. Languages: Nynorsk
Fraa høge Himmel kjem eg her