Author: Blix Hymnal: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #675 (1897) Lyrics: 1 Naade, Naade utan Ende
Aa, kor er Guds Naade stor!
Verdi seg fraa honom vende,
Gløymde burt hans gode Ord.
Men vaar Gud oss ikkje gløymde,
Men oss i sitt Hjarta gløymde.
Alt fraa me i Syndi fall,
Gjekk paa Jordi ut hans Kall.
2 Fyrste Gong i Edens Hage
Kallad Gud den fallne Mann.
Bøygd i Otte og i Age
Adam Lifsens Lovnad vann.
Truande det Ord um Naaden,
Vart han frelst fraa Syndevaaden.
Og det store Livsens Ord
Gjekk fraa Eden yver Jord.
3 Kvinnesonen knuste Ormen,
Frelsa kom i Jesus Krist.
Daa gjekk Kallet ut som Stormen:
Kvar, som trur, fær Naade visst!
Vakna, no er Ljoset runnet,
Paradiset atter funnet!
Fyr det Eden, som var tapt,
Er ein Naadens Vingard skapt.
4 Denne vingard utan Like,
Grunnad av Guds Son paa Jord,
Det er Naadens sæle Rike;
Der Guds Ande ved hans Ord
Kvar ein Syndar inn vil leida
I Guds Gjerning aa arbeida,
Byd og lokkar blidt med Bøn,
Lovar deim so sæl i Løn.
5 Alt fraa Morgonstund han kallar,
Lokkar, medan Dagen lid,
Og naar Dag til Kvelden hallar
Og ved feine Naatumaals
Tid Kallande han Handi retter
Ut til alle Folk og Ætter.
Til kvart Land og til kvar Lyd
Gjeng hans Røyst og inn deim byd.
6 Men naar Dagen ut er runnen,
Han til Løn oss kallar inn
Den, som daa vert fulltru funnen,
Liv til Løn av Naade vinn.
Herre, vekk daa Hug og Øyra,
So ditt kall me gjerna høyra!
Alle til din Vingard drag,
Medan det er enno Dag! Topics: Salmar til Kyrkjeaaret Sundag Septuagesima; Hymns for the Church Year Septuagesima; God's Call; Guds Kald; Søndag Septuagesima Til Hoimesse; Septuagesima High Mass; 2 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Second Sunday after Trinity Sunday High Mass Languages: Nynorsk
Naade, Naade utan Ende