1 Eg fann min Gud i ungdoms år,
I livsens ljose, blide vår,
Det skal meg aldri anka.
Eg lét min Frelsar inn til meg
Eå han så kjærleg synte seg,
På hjartedøra banka.
2 Eg fann min Gud i ungdoms vår,
Eg etter livsens krona trår,
Med truskap vil eg strida.
Og skal eg verta trøytt og sår,
Og om meg mykje motgang når,
Med Jesus vil eg lida.
3 Eg fann min Gud i ungdoms vår,
All ungdomskraft som i meg rår,
Skal brukast til hans æra.
Skal eg med tårer sædet så,
Med frydesong eg heim skal gå
Og mine kornband bera.
Source: The Cyber Hymnal #15104