Fordom til Federne so jamt

Fordom til Federne so jamt

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Fordom til Federne so jamt
Gud ved profetarne talad.
Anden med Syner løyndomsamt
Ned til Guds Maalsmenner dalad,
Andad deim løynt i Hjartat inn
Ordet um den, som kjem og vinn
Frelsa og Liv aat all Verdi.

2 Men i den sidste Tid herned
Gud gjenom Sonen oss sende
Ordet um Frelsa, Liv og Fred
Fagert til Jordrikes Ende.
Sonen, som er Guds eiget Ord,
Kom som hans Kjærleiks Røyst til Jord.
Sjølv er han Frelsa og Livet.

3 Avglansen av Guds Herlegdom,
Bilæte bjart av hans Æra,
Kom han til Jordheims laage Rom,
Vilde vaart Bilæte bera.
Erving til Himmel og til Jord,
Berande alt med Allmagts Ord,
Viklde vaar Frelsar han vera.

4 Frelsa han vann og Freda-gjerd,
Sonad vaar Synd og vaar Kvida,
Foor so fraa Jord i Sigerferd,
Sette seg høgt ved Guds Sida.
Englar og Velde, Høgd og Magt,
Allting er honom underlagt,
Allting vaar Frelsa maa fremja.

5 Jesus, som var so arm paa Jord,
Vanvyrd og framand hjaa Frendar,
Sit no i Sømd, av Englekor
Lovad til Himmelheims Endar.
Høgt yver Englar sett han er,
Hævare Namn enn dei han ber:
Englar det Namnet velsigna.

6 Syng daa hans Heider høgt i Kor!
Himlar hans Æra skal nemna,
Lovsongar ljoda vidt um Jord,
Kalla til Helgadags Stemna!
Giv honom Æra, Lov, og Magt,
Honom, som det av Gud er sagt:
"Som min, i Dag eg deg fødde!

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Fordom til Federne so jamt
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Kirken den er et gammelt Hus (L. 589)

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #654

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.