Gamleaaret seig i Hav

Gamleaaret seig i Hav

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Gamleaaret seig i Hav,
Sidste Dag i Dauben bleiknad;
Men i Aust det atter kveiknad,
Nyfødd Sol stod upp or Grav.
Ljoset fram or Myrkret stiger
Som paa fyrste Skapningsdag.
Sol og Dag er fødd til Siger
Myrkret dømt til Nederlag.

2 Men kvart Aar, som sloknar ut,
Atter meg til Minnes kallar,
At min Dag til kvelden hallar,
Og der kjem ei Natt til Slut,
Daa den Sol, som lyser Verdi,
Fyr mitt Auga svartnar av:
Gjeng i Myrker sidste Ferdi?
Elder er der Ljos i Grav?

3 Ja! um Nyaardagen rann
Yver Jord ein Moronraude,
Som igjenom Liv og Daude
Utan Skymring lysa kann:
Jesu Namn eit Nyaar vigde,
Som vert aldri gamalt att:
Det hev Ljos forutan Brigde,
Det hev Dag forutan Natt.

4 Det velsignad jesu Namn
Kjennest best i verste Røyni,
Leider gjenom ville Øydni
Like inn i Himmel-Hamn.
Denne Sol i Grav ei glader,
Nei, daa fær ho likast Lag,
Lyser upp dei myrke Stader,
Daubenatt vert ljofast Dag.

5 Vert so Vegen myrk og trong,
Jesu Namn kann Himmeln klaara,
Saare Sukk og heite Taara
Løysa upp i Sigersong.
Skal eg under Krossen bløda,
Vert min Fot til Dauden trøytt:
Jesu Namn kvart Saar kann grøda,
Var so Hjartat sunderstøytt.

6 Vil du dette dyre Namn
Trugen i ditt Hjarta skiva,
Skal du aldri undan driva:
Det skal leida trygt din Stamn.
Or di Leid du aldri villest,
Gjeng so mot deg Storm og Flod;
I det Namnet Stormen stillest,
Og so vert daa Enden god.

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #658

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Gamleaaret seig i Hav
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Saligheden er os nær (L. 176)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #658

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.