1 Kor illt det ser i Verdi ut,
So sæl og myrk og full av Sut!
For Vreide, Hat og Ovund no
Ligg yver Verdi liksom Snjo,
So vandt ein lenger kjenna kann
Den sanne Kjærleiks Broderband.
2 Kven agtar Jesu eigne Ord:
At Hat i Hjartat er eit Mord,
At den, som ei tilgiva vil,
Kann aldri høyra Jesus til,
At ein sin Fiend setja skal Med
Venen likt i Brødra-Tal!
3 Men um det er paa denne vis
Her millom Verdsens Klunger-ris,
So eig daa Gud paa Fordi her
Eit Folk, som heve honom kjær,
Eit Gosen i Ægyptarland,
Som inkje Myrker skyggja kann.
4 Det er Guds sanne Israel,
Som baade trur og liver vel,
Ei Ætt av Gud ved Ordet fødd,
Ei yndig Brud av Anden glødd,
Paa Jordi lik ein løynleg Skatt,
Men daa eit Ljos i Heimsens Natt.
5 Men dette sanne Merke maa
Dei alle klaarleg kjennast paa:
At dei innbyrdes, kvar fyr seg,
Kvarandre elska hjarteleg.
Paa dette visse Teikn ein
Mann Vaar Jesu Brøder kjenna kann.
6 Dei kjenna vel det vonde Sinn,
Men stagga det og stunda inn
I Jesu Kjærleiks føte Fred,
So sig all Hjartans Skodda ned.
Og millom seg alt meir dei daa
Guds sæle Samnad kjenna faa.
7 Kvar Grein paa Jesus heve Kraft,
Um ikkje like rikleg Saft,
Som Skilnad er paa Stad og Tid,
Paa kvar Manns Røynsla, Trott og Id.
Daa er dei alle eitt i Gud
Og ganga i hans Kjærleiks Skrud.
8 I Bygning Stein vert lagd paa Stein,
Dei verta alle som til ein:
Dei Store semjast med dei Smaa,
So dei mot Vatn og Eld kann staa.
So semst Guds Folk til same Sinn
Og vigjest til Guds Tempel inn.
9 Die Sterke til dei Veike sjaa,
Dei Rike med dei Arme staa,
Den Røynde spaklyndt viser Veg
Fyr den, som urøynd kjenner seg,
So Allting lagar seg so lett,
Naar alle Krafter semjast rett.
10 Naar dette himmelsterke Band
I Verdi rett fær Yverhand,
Daa veks Guds Kjærleik vænt og fridt,
Hans Rike breider seg so vidt
Og dreg so mange skilde Sinn
I dette Himmel-Samlag inn.
11 Men so kann ingen undrast paa,
At Satan sterkt imot vil staa
Og freistar alt, han veit og kann,
Saar Usamtykkje ut som Sand:
Fær han Guds Folk til Ufred talt,
So veit han vel, han vinner alt.
12 Men de, som søra Andens Sverd,
Staa saman i den leidingsferd!
Staa sterke i Guds Kjærleiks Magt
Og tenk paa dykkar Kristen-Pakt!
Staa saman trutt i Broderlag,
So taper Fienden sitt Slag!
13 Sambinde dykker i Guds Fred,
Og dette Bodord kannast ved,
Som Jesus heve til oss sagt
Og kvar og ein paa Hjarta lagt:
At den, som er i dykkar Tal,
Paa Broderkjærleik kjennast skal!
14 Vaar Jesus, du som kom herned
Aa skapa Kjærleike og Fred,
Breid ut ditt Rike vidt og breidt
Og bitt oss saman rett til eitt,
So me med deg og dine maa
Til evig Tid i Samband staa!
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #743