1 Naar Gud oss skapte
Til Sæla utan Slut.
Men alt me tapte
Og fall i synd og Sut.
Me gjorde illa
Og veik fraa Livsens Leid,
Me for i Villa
Som Sauder vidt paa Heid.
Til Spott og Spilla
Me fram i Uferd skreid.
2 Guds Kjærleik stundad
Aa sona oss med seg.
Hans Visdom grundad
Daa ut so god ein Veg:
Sin Son han sende
Her ned fraa Himmelhall;
Vaar Verk han kjende
Og sonad fyr vaart Fall
Og um oss vende
Ved Andens trugne Kall.
3 Til Liv me vaknad
Ved Jesu sæle Røyst.
Fyr Sorg og Saknad
I trui fann me Trøyst.
So aldri tvila,
Men trygt til Jesus fly!
Der kann me kvila
I ville Vaapengny
Og sæle smila
Igjenom Taaresky.
4 I Storm og Stilla,
I Faare og i Fred,
I veglaus Villa,
I Myrker utan Med
Vaar Gud oss leider
Og lyser fyr vaar Stamn,
Vaar Veg an greider
Og fører oss i Hamn,
Til Lov og Heider
Fyr sitt det store Namn!
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #738