No livnar det i Lundar

No livnar det i Lundar

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 No livnar det i Lundar,
No Lauvast det i Lid,
Den heile Skapning stundar
No fram til Sumars Tid.

2 Det er vel fagre Stunder,
Naar Vaaren kjem her nord,
Og atter som eit Under
Nytt Liv av Daude grør.

3 Guds Kyrkja lysa skulde
Som høgt paa Berg ein Stad,
Med Sumar, utan Kulde
Og utan Solarglad.

4 Guds Ord vel alltid lyser,
Den Soul gjeng aldri ned.
Det Hus, som Anden hyser,
Ligg stødt i Ljos og Fred.

5 Men stundom kom daa Kulde
Paa Herrens Kyrkjemark.
Det var, som Gud seg dulde,
Og burte var Guds Ark.

6 Det var dei myrke Dagar,
Guds Ord var faahøyrd Segn.
Og Hjartat frys og klagar,
det saknar Sol og Regn.

7 So sende Gud sin Ande
Som Dogg paa turre Jord.
Daa vaknad Liv i Lande,
Daa grøddest vænt Guds Ord.

8 Daa er det sæle Tider
Fyr Kristi Kyrkjegrunn.
Daa lauvast det i Lider,
Daa livnar det i Lund.

9 Daa ljosnar det i Laudet
Fraa Fjell og ned til Fjord.
Daa losnar tungebandet,
Daa kved Guds Folk i Kor.

10 Daa skin det yver Strender
Som Sol ein Sumarkfeld.
Daa gløder kring i Grender
Ein heilag Altar-Eld.

11 Du Vaar med ljose Dagar,
Med Lengting Liv og Song!
Du spaar, at Gud oss lagar
Ein betre Vaar ein Gong.

12 Daa me med vigslad Tunga,
Med Kjærleik heil og klaar,
Alt utan Brest og sprunga,
Skal lova Herren vaar.



Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #716

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: No livnar det i Lundar
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #716

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.