1 Renn upp, vaar Sol med Sæla!
Vaar Jesus, lys um Land
Fyr deim, som tungt maa træla
I Heidningmyrkers Band!
Der inn sig aldri trengde
Det Sannings Ljøs, du gav;
Der Sky av Vantru stengde
Som Steinen yver Grav.
2 Renn upp med Straalar bjarte
Som Paaskemorgon klaar!
Driv Dandens Skuggar svarte,
skap Livsens væne Vaar!
Og stig paa Straalevengjer,
So Skylag lettnar av,
So Straalen Stendsla sprengjer,
Og Daude stig or Grav!
3 Kom, Krist vaar Sol, med Sumar
Til Heidnings Hjarte-Jord!
Lat turre Kvist faa Kumar
Og bloma paa ditt Ord!
Lat grønka ville Vangar,
Giv Gror paa Grunnen hard,
Til Øydemarki angar
Som Herrens Aldegard1
4 Lat Blinde sjaa og skilja,
At du er Livsens Veg!
Lær trælkad Hug aa vilja
Sin Fridom faa av deg!
Lær maallans Munn aa mæla
Um Naadens Ljos og Fred
Og syngja um den Sæla,
Som skin i deg herned!
5 Aa Jesus, send din Ande
Og gjer din Kjærleik kjend
Vidt um i Heidninglande,
Send Bod i Gard og Grend!
Ved dine Vitne kannast,
Som bera ut ditt Ord!
Lat snart den Lovnad sannast:
Ein Hyrding og ei Hjord!
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #662