Please give today to support Hymnary.org during one of only two fund drives we run each year. Each month, Hymnary serves more than 1 million users from around the globe, thanks to the generous support of people like you, and we are so grateful.

Tax-deductible donations can be made securely online using this link.

Alternatively, you may write a check to CCEL and mail it to:
Christian Classics Ethereal Library, 3201 Burton SE, Grand Rapids, MI 49546

Av berre det Braud, som gror paa Jord

Av berre det Braud, som gror paa Jord

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Av berre det Braud, som gror paa jord,
Kann menneskja ikkje liva.
Det livande Braud er Herrens Ord,
Som Liveti Gud kann giva.
Som Manna det fell i hungrig Hug,
So Hjartat av Lyst maa biva.

2 Var heile Guds Jord eit Aakerland,
Ein Hage kvar Hang og Sletta,
Um Korn kunde gro som Havsens Sand
Og Frukter paa Fjelltind spretta,
Um Steinen i Øydemark var Braud:
Det eikunde Hjartat metta.

3 Det Hjarta, som saart um Braudet bed,
I Verdi sær Stein fyr Føda.
Det Hjarta, som hungrar etter Fred,
Men metlast med Strid og Møda,
Det fær berre Nøgje i Guds Ord:
Der eine gror Livsens Grøda.

4 Det Ord, som gjeng ut or Herrens Munn,
Det heitaste Hunger svalar,
Det gjerer so godt i Hjartegrunn
Og kveikjer som Dogg i Dalar.
Det vekkjer dei Daude upp til Liv,
Naar Gud yver Gravom talar.

5 So lenge me liva i Guds Ord,
Kann Syndi oss inkje saka.
Naar Freistaren lurer løynt paa Mord,
Med Ordet til Skjøld me vaka
Og liva so ved det Ord av Gud,
Som Fienden slær tilbaka.

6 Du Jesus, som sjølv er Livsens Braud,
Ditt Ord det er Liv og Ande!
Det løyser oss ut or Djupsens Naud
Og lyser i Daudens Vande:
So fara i Fred me paa ditt Ord
Og vakna i Livsens Lande.


Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #681

Author: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Av berre det Braud, som gror paa Jord
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Den signed Dag, som vi nu ser (L. 434)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #681

Suggestions or corrections? Contact us
It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or getting Hymnary Pro to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.