676. Ein Saamann gjekk og skulde saa

1 Ein Saamann gjekk og kulde saa
og ventad fager Grøda.
Men ikkje alt fekk Mogning naa
Og giva Korn i Løda.

2 Sumt fall paa Veg, der Fugl det fann,
Og Fesot ned det trødde.
Sumt fall paa Berg, der av det brann,
Daa Sumarsoli glødde.

3 Og sumt imillom Klunger rann,
Og Klungeren det kjøvde.
Men sumt og fall i Aakerland,
Som godt til Grøda høvde.

4 Gud er den Saamann: han sit Ord
I Mannahjartat saadde.
Men der det fann so ymis Jord
Og ulik Vokster naadde.

5 Den eine Ordet høyra fær,
Men av den Vonde dregen
Han strakst det burt i Vedert slær _
So Kornet spillt paa Vegen.

6 Hjaa andre ber det tidleg Brodd,
Men døyr i Freistings Stunder –
Likt Grøda, som for grunnt var saadd
Med harde Berget under.

7 Og andre høyra vel Guds Ord
Med ærleg Hug og Hunger,
Men Lyst til Verdi yver gror
Og kjøver det som Klunger.

8 Men vert det gjøymt i Hjarta godt,
So etter det me liva,
Daa er i fullgod Jord det saatt
Og fager Frukt vil giva.

9 Aa herre, du som Ordet saar,
Du sjølv vaart Hjarta lage,
So det maa giva grorsamt Aar
Og bløma som din Hage!

Text Information
First Line: Ein Saamann gjekk og skulde saa
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: Sundag Sexagesima; Hymns for the Church Year: Sexagesima; Søndag Seksagesima: Til Hoimesse (1 more...)
Notes: Tone: Og al den Ting, som Gud har gjort (L. 451)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us