Go Ad-Free
If you regularly use Hymnary.org, you might benefit from eliminating ads. Consider buying a subscription.
709 | M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg#710 | 711 |
Text: | Naar Herre er ein Hyrding god |
Author: | Blix |
1 Naar Herre er ein Hyrding god,
Og inkje Vondt deim rører,
Som fylgia vil med hugheilt Mod,
Der denne Hyrding fører.
2 Han fører deim paa grøne Eng,
Ti ljose, væne Vangar,
Der Livsens stille Kjelda djeng,
Og Blomen ljuvleg augar.
3 Naar nokon fraa hans frelste lokk
Ikring paa Villstig vankar,
Han med sin sæle Hyrdinglokk
Deim atter til seg sankar.
4 Med Namn han kallar kvar og ein,
Hans Røyst kann Hjartat verma,
Og ingen huglaus Leigekvein
Den Røyst kann etter herma.
5 Og naar eit Lamb er veikt og sjukt,
Han ber det heim paa Armen.
Han lyster det so mildt og mjukt
Og legg det linnt til Barmen.
6 Min Hyrding god! du fann og meg
So arm og illa hugad,
Som vesle Lamb paa utrygg Veg
Av Varg og Villdyr trugad.
7 Du førde meg paa Livsens Leid
Til Livd og Fred og Kvila,
Der eg som Fuglen høgt i Reid
Ned til all Naud kann smila.
8 Der kviler eg i heilag Trygd
Fyr alle, som meg trengjer.
Der er eg gjøymd og yverskygd
Inn under dine Vengjer.
9 Og um eg gjeng i myrke Dal
Og dimme Dandeskuggar,
Din Hyrdingstav meg leida skal,
Di Hyrdingrøyst meg hyggar.
10 Din Ande dagleg ut meg driv
Til Livsens Hagelende,
Der Kjelda spring med evigt Liv
I Aldrar utan Ende.
11 Der drikk eg Liv i lange Drag
Av Livsens Brunn og Kjelda.
Der vil eg liva all min Dag,
Alt til eg her skal kvelda.
Text Information | |
---|---|
First Line: | Naar Herre er ein Hyrding god |
Author: | Blix |
Language: | Nynorsk |
Publication Date: | 1897 |
Topic: | Salmar til Kyrkjeaaret: 2. Sundag etter Paaske; Hymns for the Church Year: Second Sunday after Easter; Guds Kald(5 more...) |
Notes: | Tone: Op al den Ting, som Gud har gjort (L. 451) |