Gud gjerer Godt paa kviledagen

Gud gjerer Godt paa kviledagen

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Gud gjerer Godt paa kviledagen,
Han verkar alltid tru og mild,
Endaa han alt i Edens-hagen
Gjekk inn til Helg i evig Kvild.

2 Ja, Gud kvar Dag i Verdi verkar
Og all sin Skapning uppe held,
Og all vaar Trong hans Auga merkar
Og blundar aldri naar det gjeld.

3 Og liksom Faderen arbeider
Fraa fyrste Upphav alt til no,
So verkar Sonen alle Leider
Og ingen Dag seg unner Ro.

4 Han Kviledag og kvardag helgar
Ved all sin Dag aa gjera Godt:
Han hjelper, lindrar, lyser fjelgar
I Naud og Armod, Sorg og Sott.

5 So vil han og, at me skal gjera
Kvar Livsdag til ein Heilagdag,
Hans Namn forkynna og hans Æra
I alt vaart Liv, i Lyd og Lag.

6 Me skal paa Herrens Dag vel kvila
Og stillt oss styrkja i Guds Ord,
Men og hans Kjærleik lata smila
I all den Sorg og Naud paa Jord.

7 Han vil, at me i Helg og Vyrka
Hans dyre Fotfar fylgja maa,
At me skal Gud med Kjærleik dyrka,
Med Trøyst til alle Trengde sjaa.

8 So gjer og du paa Kviledagen
Og kvar ein Dag i Stilla Godt,
Til eingong du i Himmelhagen
Vert sett til Høgbords med din Drott!


Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #758

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Gud gjerer Godt paa kviledagen
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: O lad din Aand nu med os være (L. 39)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #758

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.