Gud signe vaart dyre Fedraland

Gud signe vaart dyre Fedraland

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Gud signe vaart dyre Fedraland
Og lat det som Hagen bløma1
Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand
Og Vetter fyr Vaarsol røma!
Lat Folket som Brøder saman bu,
Som Kristne det kann seg søma!

2 Vaart Heimland i Myrker lenge laag,
Og Vankunna Ljoset gjøymde.
Men Gud, du i Naade til oss saag,
Din Kjærleik oss ikkje gløymde:
Du sende ditt Ord til Norigs Fjell,
Og Ljos yver Landet strøymde.

3 Og Norig det ligg vel langt i Nord,
Og Vetteren varer lenge;
Men Ljoset og Livet i ditt Ord
Det ingen kann setja Stenge.
Um Fjellet er høgt og Dalen trong,
Ditt Ord heve daa sitt Gjenge.

4 So blømde vaart Land i Ljos og Fred,
Det grodde so grønt i Lider.
Men atter seig Natt paa Landet ned
Med Trældom og tunge Tider.
Og Folket det sukkad etter Ljos,
Og du lyste upp umsider.

5 Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv,
Som lenge vaar Lykka skygde.
Du atter oss gav vaar Fridoms Arv
Og honom i Trengsla trygde.
Du vernad vaart folk og gav oss Fred,
Og Landet med Log me bygde.

6 Vil Gud ikkje vera Bygningsmann,
Me faafengt paa Huset byggja.
Vil Gud ikkje verja By og Land,
Kann Vaktmann os ikkje tryggja.
So vakta oss, Gud, so me kann bu
I Heimen med Fred og Hyggja!

7 No er det i Norig atter Dag
Med Vaarsol og Song i Skogen.
Um Sædet enn gror paa ymist Lag,
Det brydder daa etter Plogen.
So signe daa Gud det gode Saad,
Til Groren ein Gong er mogen!

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #770

Author: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Gud signe vaart dyre Fedraland
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Den signed Dag, som vi nu ser (L. 434)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #770

Suggestions or corrections? Contact us