1 I Hus og Heim, der Mann og Viv
Bur saman i eit gud legt Liv
Med Born i Tugt og Æra,
Der lyser Lukka mang ein Dag,
Og Jesus, der med deim i Lag
Vil med sin Hugnad vera.
2 Og gav du honom Hug og Sinn,
Og bad du honom kjærleg inn
Og høgst i Stova sette,
Daa vert det godt i Hus og Bu:
Han vil di Sorg til Sæla snu
Og Naud til Nøgd og Mette.
3 Og sit du so i audslegt Hus
Med tome Fat og turre Krus
Og mange Smaa um Bordet
Og ser med Graat den sidste Rest:
Naar Naud er størst, daa stend han næst,
Velsignande i Ordet.
4 Vaar bon i Dag til deg me ber,
Aa Herre Jesus, kom og ver
Hjaa Ægtemann og Kvinna!
Og hjelp i Verdi fram dei Smaa,
Og signa Heimen, so deimaa
Din Fred derinne finna.
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #666