No lid det nær til Kvitsunfest

No lid det nær til Kvitsunfest

Author: Thomas Kingo; Translator: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 No lid det nær til Kvitsunfest:
Gud heilag Ande, ver vaar Gjest!
Du, som fraa Æva utan Slut
Fraa Fader og fraa Son gjeng ut!

2 Aa heilage tri-eine Gud,
Bygg i mitt Hjarta her di Bud,
At det ditt Tempel vera maa,
Som kann deg alltid opet staa!

3 Guds Ande, kom og Vitne giv
I meg, at Jesus er mitt Liv,
Og at eg veit meg ingen Mann,
Som kann meg frelsa, utan han!

4 Kom, Sannings Ande, leid du meg
Paa Sannnings Vegar retteleg,
So fraa min Grunn i Kristi Tru
Eg aldri vil ein Haarsmun snu!

5 Um eg i Tryggja slumrar inn,
So vekk meg atter, Herre min!
Din Naade kraftig styrkje meg
Og leide meg paa Sannings Veg!

6 Eg utan deg ei kjenna kann
Min Gud og søte Frelsarmann:
lat difyr dine Straalar meg
I Hjartat falla ideleg!

7 I Kross og Kvida, Trong og Naud,
I Faare, Fangehus og Daud;
Du meg ein Trøystar vera vil,
Og best mi Torv du kjenner til.

8 Um eg med Krossen ganga skal
Igjenom denne Klunger-Dal
Til Himmelen og Livsens Land:
Du er daa med, min Trøystarmann!

9 Du syner og, kor Kruna skal
Meg pryda der i Himmelhall,
Der evig Gleda eg skal faa
Og stendig fyr Guds Aasyn staa.

10 Aa heilag Ande, søte Gud,
I Striden ver mi Verja prud!
Verm Hjartat upp med Naadens Glod,
Og lær meg døy med hugheilt mod!

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #722

Author: Thomas Kingo

(no biographical information available about Thomas Kingo.) Go to person page >

Translator: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: No lid det nær til Kvitsunfest
Author: Thomas Kingo
Translator: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Etter Kingo; Tone: Fra Himlen høit jeg kommer her (L. 129)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #722

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.