Undarlege Ting me sjaa

Undarlege Ting me sjaa

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Undarlege Ting me sjaa,
Sælt det Auga og det Øyra,
Som dei Ting kann sjaa og høyra
Og i Sanning jenna faa!
Herren yver Himmerike
Er i Tenars Skapnad send.
Som vaar Broder og vaar Like
Synleg fyr vaar Tru han stend.

2 Det, som i Guds Hjarta laag,
Det, som ingen Skapning gaadde,
Det, som ingen Tanke naadde,
Det, som inkje Auga saag,
Det, som ingen Vismann visste,
Det, som ingen Klok kom paa,–
Synte Herren paa det sidste
Fyre sine arme Smaa.

3 Her eg ser eit Visdoms Djup,
Som eg ikkje med kann raada:
Den, som ned i det vil skoda,
Svimrar som paa bratte Stup:
Ser ein skylaus Kjærleik stiga
Fram or svarte Sky av Harm,
Ser guds Fred og Sæla siga
Ned i fredlaus Syndarbarm!

4 Kristi Dag, som Abraham
Glad i Tru langt burte helsad
Og ved denne Tru vart frelsad,
Denne Dag no klaar steig fram:
Dagen med den store Lovnad,
Som Profetar stundad paa,
Men i Herren inn dei sovnad,
Fyrr dei fekk den Dagen sjaa.

5 Konungen, som David kvad
Herleg um i sine Songar,
Kongen yver alle Kongar,
Herren Krist fraa Davids Stad,
Sit no høgt paa Himmeltrona
Ved Gud Faders høgre Hand.
Heidningar paa honom vona,
Syng hans Lov um alle Land.

6 Drottningi fraa Sudland for
Langan Veg og vilde finna
Salomon og Visdom vinna
Ved aa lyda paa hans Ord.
Her er større Ting aa læra,
Her er meir enn Salomon:
Her er Herren til Guds Æra,
Her er Guds og Davids Son!

7 Enno lyser Dagen blid,
Full av Sanning og av Naade
Kom daa, alle Mann, og skode
Ljoset her i Naadens Tid!
Lat oss paa Guds time vara:
No han kallar, lyd og høyr!
Seg med Jakob: eg vil fara
Av og sjaa deg, fyrr eg døyr!


Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #751

Author: Elias Blix

Elias Blix (February 24, 1836 – January 17, 1902) was a Norwegian professor, theologian, hymn writer, and a politician for the Liberal Party. Blix wrote numerous hymns and was largely responsible for translating the New Testament into the Norwegian language. See more at: Wikipedia article  Go to person page >

Text Information

First Line: Undarlege Ting me sjaa
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Saligheden er os nær (L. 176)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #751

Suggestions or corrections? Contact us



Advertisements


It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or subscribing to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.