Instance Results

‹ Return to hymnal
Hymnal, Number:mblk1897
In:instances

Planning worship? Check out our sister site, ZeteoSearch.org, for 20+ additional resources related to your search.
Showing 91 - 100 of 781Results Per Page: 102050
Text

Er her nokon, som vil høyra

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #706 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 Er her nokon, som vil høyra Storste Under kjent paa Jord, Kom daa hit og laan ditt Øyra Til det store Engleord: "Jesus han er ikkje her, Han or Grav uppstaden er. Kvi vil de i Graver aude Søkja Livet millom Daude?" 2 Ja det var eit Herrens Under Utan Like under Sol. Verdi laag i djupast Blunder, Yver Graver Hanen gol. Sjaa, daa rann or Livsens Os Ut ein Straum av Liv og Ljos! Daudens Engle Sverdet vender, Daa Guds Son av Daude stender. 3 Um han ikkje upp var staden, Tom ot saafengd Trui var; Syndesaaret, Hjarteskaden Utan Botevon me bar; Jesu Namn og Kristendom Var som Gravi aud og tom, Utan Fred og utan Sæla, Utan Von me maatte fæla. 4 Men no vart han Fyrstegrøda Utav deim, som sovnad av: No skal me i herrens Løda Eingong sankast or vaar Grav. No hev Dauden misst sin Brodd, helvite sin Eiter-Odd. No er Dauden gløypt til Siger, Livet fram or Gravi stiger. 5 Alle Mann, som kunna vakna, Kom og gakk til Jesu Grav! Alle Mann, som Livet sakna, Kom og drikk or Livsens Hav! Kom der ut med Bøn og Tru, Og med Fred du heim skal snu. Alle, som i Myrker sukka, Her kann finna Ljos og Lukka. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret Paskehelg; Hymns for the Church Year Easter; Herliggjørelsen; Glorification; Første Paaskedag Til Aftensang; First Easter Day For Evening Languages: Nynorsk
Text

I Edens sæle Sumar

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #707 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 I Edens sæle Sumar Eit Livsens Tre av Rotom rann, Og av kvar Kvist og Kumar Sprang evigt Liv fyr alle mann. So Treet stod i hagen I Livsens rike Blom Alt til den myrke Dagen, Me fall is Synd og Dom. Daa Herren Vegen stengde, Som inn til Treet gjekk, Og Dauden inn sig trengde Og Vald i Verdi fekk. 2 So Verdi Treet miste, Der ikkje meir vart til det spurt, Og ingen Vegen visste, For Eden kvarv fraa Jordi burt. Men Livet, Verdi vantad, Daa ikkje utdøytt var, Fro Herren atter plantad Ein Livsens Albegard. Or Kristi Grav er runnet Det Tre paa betre Vis, Og Livet atter funnet, Som kvarv fraa Paradis. 3 Der stend det Tre med Tryggje, Er livt og fredlyst med Guds Ord; Og Gud er Sol og Skyggje, Og Anden fell som Togg til Jord. Det stend imillom Graver, Men ned fraa kvar ein knupp Den raude Druva laver, Som vekkjer Daude upp. So bløma Daudens Hagar Som Eden fyrr i Aust, Og Herrens Aaker lagar Seg til ein herleg Haust. 4 Ein Engel Treet gjæter Med Sverdet logande som Ljon, Men inn kvar Syndar læter, Som set til Jesus Tru og Von. Men den, som fyrst fekk smaka Den Druva, Treet ber, Han lengtar dit ilbaka, Der alt hans Hjarta er. Der mognar Livsens Grøda Til Jesu Kristi Pris, Der fær eg Himmelføda, Der sinn eg Paradis. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret Paskehelg; Hymns for the Church Year Easter; Bønnen; Prayer; Anden Paaskedag Til Aftensang; Second Easter Day For Evening Languages: Nynorsk
Text

Fred, det er eit fagert Ord

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #708 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 Fred, dit er eit fagert Ord, Fullt av Ljos og Lukka Fyr det Hjarta, som paa Jord Saart i Strid maa sukka. Fred fraa Gud i Barmen saar Fell som Sol paa Engjer, Skaper Liv og Von som Vaar, Myrkret sunder sprengjer. 2 Fred paa Jord! so Englar song, Daa vaar Frelsa dagnad. Jesus gjenom Strid og Trong Gav oss Fred og Fagnad. Fred paa Jord det er hans Gjerd, Ved hans Soning vunnen. Fred med Gud i fredlaus Verd Er ved honom funnen. 3 Naar i Sorg me sitja maa, Sturande og trengde, Herre Jesus, til oss sjaa Gjenom Dyrrer stengde! Anda paa oss, Frelsarmann, So din Fred me smaka, Den som Verdi ikkje kann Giva elder taka! 4 Herre Jesus, høyr me bed Her med Sukkar saare: Kom og lys din sæle Fred Inn i Hjarto vaare! Lat ditt Ord so varmt og mildt Ned i Hugen dala, Gjera, Hjartat lognt og stillt, Vaare Sorger svala! 5 Lat oss djupt i Hjartans Grunn Sælt di Helsning kjenna, Og ved Ordet av din munn Lat vaart Hjarta brenna! Lær oss tru, um ei me sjaa, Tru og aldri tvila, Til me eingong skoda faa Mildt di Aasyn smila! Topics: Hymns for the Church Year First Sunday after Easter; Salmar til Kyrkjeaaret 1. Sundag etter Paaske; Bønnen; Prayer; Første Søndag efter Paaske Til Hoimesse; First Sunday after Easter High Mass Languages: Nynorsk
Text

Syrgjande, men alltid sæle

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #709 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 Syrgjande, men alltid sæle Er me, som paa Jesus tru. Høyra me hans milde Mæle, Stillnar Sut og Graat og Gru. Naar vaart Hjarta kann seg lauga Ljuvt i Ljoset fraa hans Auga, Laarnar alt, som fyrr varmyrkt, Sorgtung Hug vert still og styrkt. 2 Jesus, naar eg kann meg kvila Trygt i Trui paa ditt Ord, Ser eg alle Himlar smila Gjenom all den Graat paa Jord. Endaa gjenom Daudens Skuggar Ser eg syn, som Hjartat huggar, Ser eg det, vaar sæle Sol, Straala yver naadens Stol. 3 Jesus,naar eg kann faa kalla Deg i Sanning Jesus min, Naar eg det i Fang kann falla, Kjenna all den Kjærleik din: Naar eg kann den Sæla smaka, Skal meg ikkje lenger saka All den Hugverk, all den Harm, Som kann brenna her ein Barm. 4 Jesus, Grunn til all mi Gleda1 Naar mi Synd meg gjerer Sorg, Um ditt Storverk vil eg kveda: Fyr mi Synd du gjekk i Borg. Syrgjande fyr synder mine, Syngjande um Dygder dine, Graatande, men alltid glad Fer eg til din Fagnads Stad. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 1. Sundag etter Paaske; Hymns for the Church Year First Sunday after Easter; Første Søndag efter Paaske Til Hoimesse; First Sunday after Easter High Mass Languages: Nynorsk
Text

Naar Herre er ein Hyrding god

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #710 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 Naar Herre er ein Hyrding god, Og inkje Vondt deim rører, Som fylgia vil med hugheilt Mod, Der denne Hyrding fører. 2 Han fører deim paa grøne Eng, Ti ljose, væne Vangar, Der Livsens stille Kjelda djeng, Og Blomen ljuvleg augar. 3 Naar nokon fraa hans frelste lokk Ikring paa Villstig vankar, Han med sin sæle Hyrdinglokk Deim atter til seg sankar. 4 Med Namn han kallar kvar og ein, Hans Røyst kann Hjartat verma, Og ingen huglaus Leigekvein Den Røyst kann etter herma. 5 Og naar eit Lamb er veikt og sjukt, Han ber det heim paa Armen. Han lyster det so mildt og mjukt Og legg det linnt til Barmen. 6 Min Hyrding god! du fann og meg So arm og illa hugad, Som vesle Lamb paa utrygg Veg Av Varg og Villdyr trugad. 7 Du førde meg paa Livsens Leid Til Livd og Fred og Kvila, Der eg som Fuglen høgt i Reid Ned til all Naud kann smila. 8 Der kviler eg i heilag Trygd Fyr alle, som meg trengjer. Der er eg gjøymd og yverskygd Inn under dine Vengjer. 9 Og um eg gjeng i myrke Dal Og dimme Dandeskuggar, Din Hyrdingstav meg leida skal, Di Hyrdingrøyst meg hyggar. 10 Din Ande dagleg ut meg driv Til Livsens Hagelende, Der Kjelda spring med evigt Liv I Aldrar utan Ende. 11 Der drikk eg Liv i lange Drag Av Livsens Brunn og Kjelda. Der vil eg liva all min Dag, Alt til eg her skal kvelda. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 2. Sundag etter Paaske; Hymns for the Church Year Second Sunday after Easter; Guds Kald; God's Call; Anden Søndag efter Paaske Til Hoimesse; Second Sunday after Easter High Mass; 3 Søndag efter Trefoldigheds Fest Til Hoimesse; Third Sunday after Trinity Sunday High Mass Languages: Nynorsk
Text

Naar Sol og Skjold og Styrke

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #711 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 Naar Sol og Skjold og Styrke Er Gud, vaar Frelsar blid. Og kjem so Tider myrke Og stundom Storm og Strid: Den Sol gjeng aldri under, Um Dagen sloknar her: Den Skjold gjeng aldri sunder, Kor hard enn Striden er. 2 Naar Gud sitt Andlit gjøymer, er alt ikring meg svart. Og Sorgi paa meg strø¥mer, Og Hjartat kvider hardt. Men naar so Ljoset bleiknar, Og Myrker um meg slær, Og Armen sig og veiknar, Daa stend min Frelsar nær. 3 Naar Harmen heitast brenner Og sender Ljon paa Ljon, Guds sæle Fred eg kjenner Og vinner atter Von. Naar Striden stend i Loge, Daa byrtter Naaden ny Som Sol i Vederboge Igjenom svarte Sky. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 3. Sundag etter Paaske; Hymns for the Church Year Third Sunday after Easter; Frimodighed og Glæde; Mercy and Joy; Tredie Søndag efter Paaske Til Hoimesse; Third Sunday after Easter High Mass Languages: Nynorsk
Text

Jesus, du er den Himmelveg

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #712 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 Jesus, du er den Himmelveg, Som til gud Fader oss leider. Frelsa det er aa finna deg, Liv og uvisnande Heider. Du er all Skapnings Ljos og Liv, Verdi daa enn i Myrker sviv, Vinglande villt millom Graver. 2 Ljoset det inn i Myrkret skin, Myrkret det ikkje vil fata. Gud sende Verdi Sonen sin, Verdi daa honom maa hata. Han millom sine eigne stend, Er daa av sine ikkje kjend, Gjeng som ein Framand i Verdi. 3 Men dei, som honom tok imot Og ifraa Myrkret seg vinde, Dei, som i Tru med Bøn og Bot Honom med Frelsaren kjende: Deim giv han all sin Barnerett, Føder deim atter til Guds Ætt, Egger sitt Namn han deim kallar. 4 Frelsaren til sin Fader for, Der han oss Rom vilde reida, Sende so Anden sin til Jord, Som oss til Sanning skal leida. Han ved Guds Ord i Jesu Hamn Viser oss Veg til Himmelhamn: Jesus er Vegen og Livet. 5 Jesus, eg høyra vil til deim, Som etter deg du kann nemna! Lat meg ved deg til Himmelheim Dagleg faa styra og stemna! Utan din Arm i Miss eg gjeng, Før du meg høgt paa Ørneveng, Til eg i Himmelen hamnar! Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 3. Sundag etter Paaske; Hymns for the Church Year Third Sunday after Easter; Frimodighed og Glæde; Mercy and Joy; Tredie Søndag efter Paaske Til Hoimesse; Third Sunday after Easter High Mass Languages: Nynorsk
Text

Min Heimstad i det Høge er

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #714 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 Min Heimstad i det Høge er, Til Himmels stend mi Lensla. Vel veit eg, at min Heimveg ber Igjenom myki Trengsla. Men Jesus Vegen drog, Det er meg Tryggja nog. Eg er hans Fylgjesvein, So gjeng eg utan Mein, Ved honom skal eg sigra! 2 Um hugsaar her eg stundom sit, Eg og ein Fred fær smaka, Som stiger yver Von og Vit, den Verdi ei kann taka. Til Maalet fram det gjeng, Der Livsens Kruna heng. Naar den eg fær til Arv, Eg ikkje syrgja tarv, Eg heve meier enn vunnet. 3 Her er so myken Storm og Strid, Men der er Stormen stillnad. Der ser eg Gud til evig Tid Og ottast ingen Skilnad. Der ikkje Tid go Rom Og Magt og Herredom Og Daude elder Liv Meg fraa Guds Kjærleik riv I Jesus Krist, min Herre. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 4. Sundag etter Paaske; Hymns for the Church Year Fourth Sunday after Easter; Fjerde Søndag efter Paaske Til Hoimesse; Fourth Sunday after Easter High Mass Languages: Nynorsk
Text

No livnar det i Lundar

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #716 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 No livnar det i Lundar, No Lauvast det i Lid, Den heile Skapning stundar No fram til Sumars Tid. 2 Det er vel fagre Stunder, Naar Vaaren kjem her nord, Og atter som eit Under Nytt Liv av Daude grør. 3 Guds Kyrkja lysa skulde Som høgt paa Berg ein Stad, Med Sumar, utan Kulde Og utan Solarglad. 4 Guds Ord vel alltid lyser, Den Soul gjeng aldri ned. Det Hus, som Anden hyser, Ligg stødt i Ljos og Fred. 5 Men stundom kom daa Kulde Paa Herrens Kyrkjemark. Det var, som Gud seg dulde, Og burte var Guds Ark. 6 Det var dei myrke Dagar, Guds Ord var faahøyrd Segn. Og Hjartat frys og klagar, det saknar Sol og Regn. 7 So sende Gud sin Ande Som Dogg paa turre Jord. Daa vaknad Liv i Lande, Daa grøddest vænt Guds Ord. 8 Daa er det sæle Tider Fyr Kristi Kyrkjegrunn. Daa lauvast det i Lider, Daa livnar det i Lund. 9 Daa ljosnar det i Laudet Fraa Fjell og ned til Fjord. Daa losnar tungebandet, Daa kved Guds Folk i Kor. 10 Daa skin det yver Strender Som Sol ein Sumarkfeld. Daa gløder kring i Grender Ein heilag Altar-Eld. 11 Du Vaar med ljose Dagar, Med Lengting Liv og Song! Du spaar, at Gud oss lagar Ein betre Vaar ein Gong. 12 Daa me med vigslad Tunga, Med Kjærleik heil og klaar, Alt utan Brest og sprunga, Skal lova Herren vaar. Topics: Salmar til Kyrkjeaaret 4. Sundag etter Paaske; Hymns for the Church Year Fourth Sunday after Easter; Fjerde Søndag efter Paaske Til Hoimesse; Fourth Sunday after Easter High Mass Languages: Nynorsk
Text

Still no dine Strengjer

Author: Blix Hymnal: MBLK1897 #719 (1897) Person Name: Blix Lyrics: 1 Still no dine Strengjer, Ande, lyft no Vengjer, Stig med Song i Sky! Alle, som kann mæla, Syng i Dag um Sæla Rund i Bygd og By! Mann og Møy Um Land og Øy, Kristenfolk fraa alle Leider, Syng til Jesu Heider! 2 Sjaa, Guds Son med Siger Upp til Himmels stiger Til sin Kongestol! Engleskaren helsar Himmelfaren Frelsar Som all Skapnings Sol. Jesu Gjerd Og Himmelferd Lova dei i kvite Klæde Sælt med Sigers Kvæde. 3 Heil deg i ditt Velde, Drott, som Dauden felde, Ormen slog i Hel! Vonde Andar graata, Alle Himelar laata Høgt av Lovsong sæl. Lov og Ros Fyr Liv og Ljos Fylgje deg paa Himmelferdi Fraa den frelste Verdi! 4 No er Freden vunnen, Himmelvegen funnen Ved vaar Frelsarmann. Gjenom Fyrehenget Inn han heve gjenget Og vaar Løysning vann. Høg og sterk Med velgjort Verk Sit han yver sol og Stjerna, Der han vil oss verna. 5 So eg glad og trugen Heim vil venda Hugen, Der du Frelsar, er. Maa ei Stund eg bida Og av Lengting lida, Heim daa Vegen ber. Glad og nøgd Til Himmelhøgd Upp eg stunda vil og stara, Til eg heim fær fara. 6 Far daa sæl og fegen Upp i Fyrevegen! Snart eg fylgja skal. Du meg upp vill draga Og eit Rom meg laga I din Himmelsal. So eg dreg Den same Veg; til din Heim du vil meg lysa, I di Hall meg hysa! Topics: Salmar til Kyrkjeaaret Heilagtorsdag; Hymns for the Church Year Ascension Day; Haab og Længsel efter det Himmelske; Hope and Longing for the Heavenly; Kristi Himmelfarts Dag Til Hoimesse; Ascension Day High Mass Languages: Nynorsk

Pages


Export as CSV